Rett Kurs
Rett Kurs er ei musikkgruppe som har medlemmer frå Evje, Høvåg, Vennesla og Øvrebø. Dei er kjende over heile Sørlandet etter mange år med musikalske innslag på kristne møte og større arrangement i kristen regi. Stilen deira er prega av countrysjangeren. Gruppa vart etablert i 1979, og i 1980 kom dei med første innspelinga, som var ein kassett. Gruppa har gitt ut ei rekke kasettar og plater, og spelar som regel på to til fire møter kvar månad. Dei har vore med på Evangeliske sanger i sør fleire gonger.
Medlemmer
Gruppa hadde lenge sju medlemmer. Men frå 2015/2016 er også Christine Haddeland (fødd Høgetveit) blitt med i gruppa. Så no er dei åtte. På biletet framme frå venstre: Frode Bjorvand, Ann Kristin Eikeland, Inger Omland og Jørgen Lien. Bak frå venstre: Roar Bjønnum, Kjell Karlsen og Leif Erik Hagen.
Diskografi
- 2002 Løft ditt blikk
 - 2011 Kom ta min hand
 - 2016 Jesus er svaret
 - 2020 Han tok din plass
 - 2020 Vi må si en takk til Jesus – Rett Kurs igjennom 40 år
 - 2025 Perleporten
 
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Ny cd frå Rett Kurs. Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2011 side 3
 - Sigurd Haugsgjerd, Evje-jente cd-debuterer med Rett Kurs, artikkel i Setesdølen nr. 15, 2016, side 3
 - Ole Birger Lien: Dei er på rett kurs. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2019 side 3
 
Eksterne lenker
Gruppa har fleire musikkvideoar på YouTube. Her er lenke til ein av dei: