Øyreviksbakkane
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øyreviksbakkane er ein 670 meter lang strekning på Riksveg 9 sør for Bykle kyrkjebygd. I botnen av bakkane ligg Storetjønn, der det er ein badeplass som er mykje nytta av barn og ungdom i Bykle. I 2024 vart det vedteke å bygge gang- og sykkelveg og Nomeland Maskin fekk jobben. Eitt år og 20 dagar etter var jobben fullført, og Silje Kjøstvedt klypte snora og markerte opninga. Prosjektet kom på 3,5 millionar kroner.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Is og brus for ny gang- og sykkelveg i Bykle. Artikkel i Setesdølen nr. 46, 2025 side 12