Lars Kile AS

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. juni 2025 kl. 16:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert etter styrt avvikling)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Kile AS pynta til jul 2015.

Lars Kile AS var ei klesforretning på Evje. Butikken låg ganske langt nord i sentrumsgata, rett nord for Tryggheim bedehus. Innehavar og dagleg leiar var Rita Kile.

Historie

Då far til dagens innehavar Rita Kile, Lars Kile, som ung gut kom heim frå militæret, fekk han seg i 1970 arbeid hos Ole K. Thomassen i Evje herre- og gutteklær i Ågedalhuset. Kona Laila Kile arbeidde også i butikken. Thomassen ville etterkvart konsentrere seg om å drive kledebutikk i si heimbygd Vennesla. Lars og Laila kjøpte då (1975) butikken på Evje, og starta Lars Kile AS. Ågedalhuset var lite og trongt for ein butikk, med ei bratt steintrapp utanfor, så i 1979 reiv dei det gamle huset og bygde eit nytt, stort og flott forretningsbygg på same tomta.

Lars pensjonerte seg som leiar av klesbutikken i 2010, og overlet ansvaret til dottera Rita. Ho avvikla drifta i 2025.

Kjelder

Eksterne lenker