Bratt Friluftsliv

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. juni 2025 kl. 20:38 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bratt Friluftsliv er eit selskap i Valle som satsar på å utvikle opplevingar i tilknytning til fjell og hei i Setesdal.

Selskapet vart etablert i 2016 og presenterte seg i gründertimen på Setesdalskonferansen 2016. Dagleg leiar var i oppstarten Arne Bakke. Erik Arntsen tok over som dagleg leiar i 2019. I 2022 er Åse Solbakk dagleg leiar. Styremedlemmer er Erik Arntsen og Frode Kirkedam som styreleiar. I dag eig Frode Kirkedam og Erik Arntsen selskapet 50% kvar. Dei har laga ei av Sør-Norges finaste sva-klatre Via Ferrata.

Ved nyopninga av Prestefossen hengebru hadde selskapet rigga til zipline der ein kunne fly over fossen. Sommaren 2016 gjekk Bjarte Vestøl i gang med å lage ein Via Ferrata Nomelandsfjellet i Nomelandsfjellet. Ein 1000 meter lang stålwire blei montert i fjellet for å gje uerfarne folk sikring ved klatring i den blankskurte fjellveggen. Frå våren 2022 har selskapet ein klatrehall med fem klatreveggar i ein gamal låve i Valle sentrum.

Kjelder

Eksterne lenker