Gautestad Fjellstue
Gautestad Fjellstue (tidlegare Gautestad kurs- og misjonssenter) ligg på Gautestad i Evje og Hornnes kommune, 17 km frå Evje. Staden var ei gåve til Agder krets av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1994. Det var brukt til retreat for NLM-arbeidarar og andre for første gong i oktober 1996. Frå 1. september 2023 er Arve Bjerke tilsett som dagleg leiar. Samstundes er namnet endra til Gautestad Fjellstue. Sidan overtok Åse Merethe Finnestad som dagleg leiar, men 5. februar 2025 slutta også ho.
Historie
I utgangspunktet var staden eit vanleg gardsbruk som etter kvart vart regulert til utbygging for hytter og fritidsføremål. Staden vart mykje nytta av britiske soldatar som øvingstad for vinterøvingar. Men i 1991 brann anlegget. Staden og forsikringspengane vart då gjeve til NLM for å etablere ein stad for aktivitet og rekreasjon for unge og gamle. Det var imidlertid ikkje lett å drive staden i misjonsregi, og fleire gonger har det vore drøfta å selje anlegget, seinast i 2008. Då vart det stifta ei forening som fekk overta heile senteret for å drive det vidare i tråd med NLM sine ideal.
Kjelder
- Ny dagleg leiar på Gautestad, notis i Setesdølen nr. 38, 2023, side 2
- Om omorganisering og nytt namn på heimesida til Gautestad Fjellstue
- Slutta på Gautestad. Notis i Setesdølen nr. 17, 2025 side 2