Eivind Vad Petterson
| Eivind Vad Petterson | ||
|---|---|---|
| Født: | 1981 (alder 44–45) | |
Eivind Vad Petersson (født 1981) er statssekretær for utenriksminister Espen Barth Eide frå 16. oktober 2023.
Dei første åra budde han i Kirkenes, men familien flytta så til Oslo, der han gjekk på Tåsen skole og sidan på Oslo katedralskole. I 2006 tok han bachelorgrad i Internasjonale studier og Europa-studier ved Universitetet i Oslo og i 2007 mastergrad i europeisk og internasjonal politikk, London School of Economics (LSE). Så fekk han jobb som kommunikasjonsrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet i 2007, men året etter starta han som aspirant i UD. Frå 2010 var han diplomat ved ambassadane i Sør-Sudan, Sør-Afrika og Tyskland, men i 2016 gjekk han til Ap si stortingsgruppe som utanriks- og forsvarspolitisk rådgjevar og var der til han vart statssekretær.
Frå 2003 til 2004 var han internasjonalt ansvarleg i Norsk studentorganisasjon og frå 2004 til 2006 var han nestleiar i Landsfårdet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)