Koparverksdammen (Hovatn)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. mai 2025 kl. 05:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koparverksdammen var ein tredam Det Sæthersdalske Kobberværk sette opp i søre enden av Hovatn i Bygland rundt 1845. Damstaden var 100–200 meter nord for der Hovassdammen har ligge sidan 1916. Dammen skulle sikre jamn tilgang av vatn i Hovassåni, som koparverket nede i Åraksbø var avhengig av til drifta av maskineriet ved verket. Dammen var ikkje høg, truleg bare 1–2 meter. Han ser ut til å ha vore ein bukkedam, der treveggen var støtta opp av skråstag i framkant.

Kjelder

Kart

Laster kart ...