Valle kommunes byggeskikkpris

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. mai 2025 kl. 17:54 av Siri J (diskusjon | bidrag) (2025)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle kommunes byggeskikkpris vart oppretta etter initiativ etter mellom andre Sissel Åkre. 17. mai 2025 vart han dela ut fyrste gong, og då stod Sissel Åkre for utdelinga i staden for ordføraren.

Nemnd og vedtekter

Under eit møte i Plan og miljøutvalet 13. juni 2023, sak 43/23, vedtok utvalet vedtekter for byggeskikkpris i Valle kommune og oppnemde følgjande til byggeskikknemnda:

Vedtekter for byggeskikkprisen

  1. Målet med prisen er å stimulere til god byggjeskikk både ved nybygg og ved istandsetting, eller endring av eksisterande bygningsmiljø.
  2. Prisen kan tildelast til ein eller fleire personar. Arkitektar, konsulentar og handtverkarar som har bidrege til resultatet skal omtalast.
  3. Bygningar og andre kulturminne som er sett i stand vesentleg med offentleg innsats, bør vanlegvis ikkje vera aktuelle til prisen. Ved vurdering av bygningar og bygningsmiljø skal det leggjast vekt både på utvendige og innvendige kvalitetar. Gjennom pressa skal det gjerast kjent at me ynskjer framlegg på kandidatar med tidsfrist for innsending til «Komitéen». Framlegga skal vera skriftlege, grunngjevne og med underskrift av forslagsstillaren.
  4. «Komitéen» er ei fast byggjeskikknemnd i kommunen. Nemnda skal ha tre medleme og desse vert oppnemnde av plan- og miljøutvalet. Nemnda kan knyte til seg ein bygningskyndig person med særleg kompetanse for å gje råd og rettleiing.
  5. Prisen kan delast ut kvart fjerde i år så sant nemnda finn ein verdig kandidat mellom dei innkomne framlegga.
  6. Framlegg på aktuelle kandidatar må ha kome inn til «Komitéen» innan fristen går ut, om lag 1. mars. «Komitéen» skal få sak til handsaming innan april. Prisen skal delast ut ved eit felles arrangement av ordførar.
  7. Prisen er på kr 50.000,- + plakett og diplom.

2025

Huset til Oddvar og Ingvild Homme i Homme

Byggeskikkprisen 2025 gjekk til Oddvar Homme og Ingvild Hørte Homme. Rådgjevar til nemnda var arkitekt Harald Lohne, og grunnlaget for huset er teikna av Lisbet Hurthi Homme.

Grunngjeving
Bygningen er eit bustadhus – ein lafta bygning med to etasjar bustad og stabbur. Bygningen er eit nybygg i klassisk stil, ein kopi av gamle bygningar. Bygningen er plassert fint i landskapet som ein del av eit gardsbruk, i området mellom dyrka mark og skog. Bygningen dannar ein god heilskap med eksisterande uthusbygning. Storleik og form på bygningen er i tråd med tradisjonar i Setesdal. Vindauge og detaljar er godt valde og utførte i tråd med den lokale byggeskikken. Stabburdelen skil seg godt ut med sine opningar i yttervegg, med bakliggjande klimavegg og vindauge. Tømmerveggane er av ubehandla treverk som kan verke noko lyst, men vil få mørkare framtoning gjennom åra som kjem.

Bygningen er ein verdig vinnar av Byggeskikkprisen 2025!

Kjelder