Laurdagssending i Valle Radio 20250517

17. mai 2025 var det og sending i Valle Radio. For teknikken ute sytte Jørund Georg Jore, hjulpen av Ørnulf Hasla og for kommunen Kjetil Carolis Jore, medan Siri Johannessen var teknikar i studio i Valle.
- 10.00 Oppkobling
- 10.15 Hallvard Såvison Uppstad med ein rapport frå Rysstadmo der biltoget vart førebudd, han fekk og ein prat med Hallvard Dale som eig ein jeep frå 1966. Leiar i Agder Motorhistoriske klubb, Jan Olaf Rysstad, køyrde fyrst i biltoget i ei boble fra om lag 1952.
- 10.40 Prat med Tora Homme Uppstad i ein Mercedes fra 1964, kona til HS når biltoget kom forbi Kveste.
- 11.00 Stemningsrapport frå Lars Tarald Myrum på Valle bygdeheim.
- 11.45 Kent Vidar Helle Voreland fortalde om sin 17. mai sør i Athen
- ca 13.15 Ein rapport frå Tor Espen Helle på Soknehuset, han tala med fleire andre der og.
- 15.00 Videostrøm med talar og bilete frå 17. maitoget, talen til Torbjørn Frøysnes, messa som avslutta dagen og meir på Hylestad