Hopp til innhald

Bygg Bygland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. mai 2025 kl. 05:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bygg Bygland er eit 6-årig omstillingsprosjekt i Bygland kommune. Bygland har fått status som omstillingskommune, fordi kommunen over tid har mista mange arbeidsplassar. Omstillingsprosessen inneber ein ekstraordinær innsats for å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar. Det blir og arbeidd med å styrke næringsgrunnlaget og utviklingsevnen i området.

Prosjektleiar for Bygg Bygland er Gyro Heia. Arbeidet er leia av eit styre, med ordførar Runar Granheim som styreleiar.

Kjelder

Eksterne lenker