Tveiteåna (Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. mai 2025 kl. 10:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveiteåna der ho renn nedover forbi Tveitekleiva på veg mot Kjetså.

Tveiteåna er namnet på elva Kjetsåna der ho renn forbi garden Tveit i Hornnes. Endå lenger oppe, nord for garden, vert ho kalla Stebekken.

I ein foss i Tveiteåna, rett aust for garden Austre Tveit, hadde Olav N. Sundbø sag og høvleri, som han dreiv i mange år. Etter han overtok sonen Torbjørn Tveit saga. Han bygde eit nytt, svært sagbruk i fossen. Det var frå ca. 1935 og frametter. Saga var ei vassdriven turbinsag (50 hestekrefter). Det kom elektrisk straum til Tveit i 1951. Men vassturbinen blei ikkje skifta ut med elektrisk motor.

Det var helst svigersonen til Tveit, Ingemund Bjorå, som kom til å drive dette nye sagbruket. Det skal ha vore i drift frå rundt 1950 til 2000. På det meste var det jamt fem mann i arbeid på saga. Det blei skore svært mykje stav her.

Kjelder

Eksterne lenker

Sagbruk i Tveiteåna. Nedlagd ca år 2000.

Kart

Laster kart ...