Rosenlund sag

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2025 kl. 09:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosenlund sagbruk 13. april 2018.

Rosenlund sag er eit nedlagt sagbruk ved Oddeåna, rett nord for Oddefossen og tett ved Gautestadvegen, i Evje.

Historie

Olav Lund bygde sagbruket i 1912, saman med grannen Nils Odde. I 1916 bygde dei endå eit sagbruk, Odde Sagbruk ved Beinsbru lenger nede i Oddeåna. Då dei hadde bygd desse to sagbruka, delte dei sagbruka mellom seg. Olav Lund fekk Rosenlund aleine.

Rosenlund sagbruk blei til å begynne med driven av eit stort vasshjul i Oddefossen. Seinare blei dette fjerna, og saga fekk tilkopling til elektrisk straum. Olav Lund dreiv saga til han døydde. I dag eig Evje og Hornnes kommune saga. Kommunen leiger bygningen ut til Oddestemmen steinsliperi.

Kjelder