Olav K. Hovet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2025 kl. 12:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav K. Hovet
Født: 4. august 1957 (68 år)

Olav K. Hovet (fødd 4. august 1957) er dagleg leiar i Knut Hovet Installasjonar, ei stilling han har hatt sidan 1981. Han gjekk på Hornnes landsgymnas og tok eksamen på reallinja i 1976. Deretter studerte han på Agder ingeniør og distriktshøgskole og Høgskolen i Oslo. Han har også tatt befalskolen for infanteriet i Nord-Norge og studert data på Universitetet i Agder.

Utanom å drive firmaet sitt har Olav K. Hovet vore områdesjef for Heimevernet i Øvre Setesdal frå 1985 til 2007 med kapteins grad. Han har hatt eit stort engasjement for å bygge ut Sylvknapp flyplass og har sjølv flysertifikat. Han har også vore aktiv i Hylestad Snøscooterklubb sitt arbeid med EM og VM i snøscootercross då dette vart arrangert der. Olav K. Hovet har også vore aktiv i Valle Høyre og med i Valle kommunestyre og formannskap. I samband med dette har han hatt ei rekke andre tillitsverv.

Heder

  • Generalinspektøren for HV sin plakett i gull

Kjelder