Tor Mosdøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. februar 2025 kl. 09:32 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Var)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor Mosdøl
Født: 23. februar 1943 (83 år)

Tor Mosdøl (fødd 23. februar 1943) er pensjonert lærar i Bykle kommune. Han driv og ein gard med 130 vinterfora sauer og for drifta her fekk han Kulturlandskapsprisen 2012 i Aust-Agder under landbruksmessa Naturligvis 2012. Tor Mosdøl var lærar på Bykle skule, og då fekk elevane male korn på den vassdrivne kverna og vere med på å slakte sauer og å tørke sauekjøtt. Noko av innmarka ligg i bratte Juvo og må slåast utan maskinhjelp. I tillegg til heimegarden har han og jord på Byklestøylane som han driv.

Tor Mosdøl var leiar i byggekomiteen for Bykle nye kyrkje. Han har vore aktivt engasjert i kyrkjeleg arbeid i Bykle i alle år. Han var gift med Brita Mosdøl og er far til Tor Hallvard Mosdøl.

Eksterne lenker