Hopp til innhald

Fyri Fish

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. februar 2025 kl. 08:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert artikkelen)
Syrtveit Fiskeanlegg som Fyri Ice Fish ønsker å utvide til eit storskala oppdrettsanlegg etter avtale med grunneigar Otteraaens Brugseierforening.

Fyri Ice Fish er eit selskap (AS) som planlegg å bygge ut og utvide Syrtveit Fiskeanlegg i Evje til eit storskala oppdrettsanlegg for bleke. Målet er å produsere 1 000 tonn matfisk i året.

Vinteren 2023 la firmaet fram eit forslag til reguleringsplan for det aktuelle området. Planen blei godkjend av Evje og Hornnes kommunestyre, men seinare oppheva av Statsforvalteren i Agder på grunn av saksbehandlingsfeil. Planlagt oppstart i 2024 er difor blitt skyve noko ut i tid.

Selskapet har base i Kristiansand. Styreleiar er Ole Kristoffer Torsvik.

I januar 2025 vedtok Setesdal Regionråd å gje verksemda eit tilskot på 750 000 kroner til prosjektet «Bleka som global merkevare».

Kjelder