Skor (bunad)

Foto: Geir Daasvatn
Skor er ein påsauma del nedst på stakken i setesdalsbunaden. På understakken er det to kvårar i svart klede, og nedst ei list i svart vadmål.
På svartstakken er det ein grøn og ein raud kvår, og nedst ei raud list. Alt er i klede. Ein kan byte ut den raude lista med ei list som det er meir pynt på.
Kjelder
- Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal, utgjeve av Valle bygdekvinnelag, 2024, side 120
- Rette klede i Setesdal, utgjeve av Valle bygdekvinnelag, 1999, side 28