Åland (Åraksbø)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. desember 2024 kl. 08:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Koparverket)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åland mellom Bryggjevegen og Hovassåni, ned mot Åraksfjorden, 24. juni 2023.
Åland 22. desember 2024.
Foto: Geir Daasvatn

Åland er ein eigedom (gnr. 27 bnr. 10) i Åraksbø i Bygland. Han ligg mellom Bryggjevegen og Hovassåni. Det står eit gamalt våningshus på staden, og eit nyare bygd i 1983. Men det er ikkje fast busetnad på eigedomen.

Historie

Anders O. Heldåsen (f. 1819, d. 1890) frå Bjelland rydda ein husmannsplass på det som då var grunnen til Koparverket. Det var rundt 1868. Seinare kjøpte Olav Knutson Nordgarden (f. 1852, d. 1904) plassen. Han blei skyldsett i 1893. Olav sette opp sag på eigedomen. Saga var i drift til ut i 1960-åra.

Kjelder

Kart

Laster kart ...