Helleik Gulson Koppangen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. desember 2024 kl. 18:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om Hytta)
Hopp til navigering Hopp til søk
Helleik Gulson Koppangen
Født: 1806
Død: 1885 (alder 78–79)

Helleik Gulson Koppangen (f. 1806, d. 1885) var smed og kom til Koparverket i Åraksbø i Bygland på 1840-talet.

Ved Koparverket var Helleik smed og maskinist. Då Verket blei lagt ned, blei han oppsynsmann og styrar av mølla som høyrde med. Han budde først i smeltehytta på Verket. Mot slutten av 1850-talet fekk han sett opp eit eige hus for seg og familien kloss ved smeltehytta. Staden blei kalla «Hytta».

Helleik hadde gått fem år i lære på våpenfabrikken på Kongsberg, og fekk ord på seg for å vere «meistersmed» i Åraksbø. Han var også spelemann.

Kjelder

[[Kategori:Spelemenn