Åland (Åraksbø)

Foto: Geir Daasvatn
Åland er ein eigedom (gnr. 27 bnr. 10) i Åraksbø i Bygland. Han ligg mellom Bryggjevegen og Hovassåni. Det står eit gamalt våningshus på staden, og eit nyare bygd i 1983. Men det er ikkje fast busetnad på eigedomen.
Historie
Anders O. Heldåsen (f. 1819, d. 1890) frå Bjelland rydda ein husmannsplass på det som då var grunnen til Koparverket. Det var rundt 1868. Seinare kjøpte Olav Knutson Nordgarden (f. 1852, d. 194) plassen. Han blei skyldsett i 1893. Olav sette opp sag på eigedomen, som var driven med vatn frå Hovassåni. Saga var i drift til ut i 1960-åra.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 200–212