Hopp til innhald

Jon Trydal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. desember 2024 kl. 23:30 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Jon Trydal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Jon Trydal
Født: 3. september 1914
Død: 22. juni 1992 (77 år)

Jon Torson Trydal (1914-1992) var ordførar i Bykle kommune frå 1968 til 1975. Han representerte Senterpartiet. Gjennom livet var han innom fleire yrke, då han gifta seg budde han i Kristiansand og arbeidde som teknikar. Sidan flytta han heim til Trydal, der han overtok gardsbruket i 1947 etter å ha drive saman med faren nokre år. Han sette opp sag og kunne skjere og selje materialar. Sidan vart han likningssjef i Bykle, og sto i den stillinga til 1982.

I 1941 gifta han seg med Torbjørg Trydal, fødd Stavenes (1916-1998). Dei fekk borna Torbjørg Trydal Anderson, Tor Trydal, Angerd Mosdøl, Torjus Trydal, og Reidar Trydal.

Kjelde