Med rosur raude
Utsjånad
Med rosur raude er eit musikkalbum frå 1998 med Birgit Rike Lund, kveding, Eilert Hægeland, orgel og Gunnar Stubseid, hardingfele. Albumet er gjeve ut av Ole Bull Akademiet som har fått støtte til utgjevinga frå Valle kommune, Bykle kommune, Rådet for folkemusikk og folkedans, Aust-Agder fylkeskommune og Vest-Agder fylkeskommune. Albumet vart spelt inn i Osasalen på Voss i september 1997 og i Valle kyrkje i februar 1998.