Åraksbø bryggje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2024 kl. 04:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet ørliten skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åraksbø bryggje 9. juni 2018.

Åraksbø bryggje (Åraksbrygga) ligg ved enden av Bryggjevegen, som går frå bygdevegen ved Åraksbø skule ned til fjorden. Dampbåtane DB Bjoren og DB Dølen la til ved brygga så lenge dei var i trafikk opp i Åraksfjorden.

Bryggja var vanskeleg og kostbar å halde vedlike ut frå plasseringa på ei låg strand. Ho blei reparert i 1898. I 1912 bar det eit større utbetringsarbeid. I 1925 blei ho vølt som naudsarbeid.

I seinare tid har isen slite hardt på brygga, slik at steinane ligg hulter til bulter. Det skal likevel gå greitt for Bjoren å legge til når han ei sjeldan gong tek ein tur innom Åraksbø.

Kjelder

Kart

Laster kart ...