Årdal Skytterlag
Årdal Skytterlag vart stifta 31. desember 1918. Laget nyttar Senum skytebane. Leiar frå mars 2023 er Tord Olav Løyland. Han tok over etter Sveinung Svenningsen, som då hadde vore leiar i mest ein generasjon, og styremedlem i mange år før det igjen. Andreas Hammervold Isaksen er ungdomskontakt.
Aktiviteten i laget er god. Snaut 100 storvilt-jaktprøver vert gjennomført på skytebanen på Moseid kvart år. Det er også miniatyrskyting i heile vinterhalvåret frå like etter skulestart om hausten til ut i mai neste år. Det er eit tilbod til unge skyttarar på miniatyrbanen i bomberommet på Byglandsfjord oppvekstsenter. I 2024 blei miniatyrbanen oppgradert med elektroniske skyteskiver. Laget kjøpte også inn nye børser; moderne, lette salongrifler.
Styre
Desse var med i styret i 2017:
- Styrets leder: Sveinung Svenningsen (f 1949)
- Nestleder: Notto Åvitsland (f 1952)
- Styremedlem: Kurt Bjørge Røysland (f 1950)
- Styremedlem: Morten Øislebø Hageland (f 1970)
- Styremedlem: Trond Risdal (f 1968)
Kjelder
- Om Årdal Skytterlag hos proff.no
- Leiarskifte i Årdal skyttarlag, stykke i Setesdølen nr. 25, 2023, side 10
- Olav Åsen Haugsgjerd, Moderne skytebane for dei unge, artikkel i Setesdølen nr. 81, 2024, side 12