Sylvartun Folkekunst

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. november 2024 kl. 11:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om kva Sylvartun Folkekunst disponerer)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sylvartun Folkekunst er eit selskap (AS) med forretningsadresse på Sylvartun i Hylestad, med føremål å «Bygge, driva/leiga ut og eiga bygg. Vidare skal aksjeselskapet fremje og formidle vår særeigne kultur i eit heilskap slik dette vert eit tilbod for såvel tilreisande som fastbuande.» Selskapet er eigd (100 %) av Hallvard T. Bjørgum. Han er også dagleg leiar og styreleiar. Verksemda blei skipa i 1991.

Sylvartun Folkekunst fester (leiger) grunnen der hovudbygningen på Sylvartun står. Her finst landets truleg mest komplette folkemusikkmuseum og den største hardingfelesamlinga etter legendariske felespelarar.

Kjelder