Rideveg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. oktober 2024 kl. 16:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rideveg var ein stig der folk anten reid eller gjekk til fots, eller der folk gjekk med ein hest som bar varene i kløv på hesteryggen. Ridevegen var opphaveleg ikkje planert. Han hadde ingen køyrebane, men såg i staden ut som «ei lang renne i jorda». Arkeologana kallar slike vegar ein «hôlveg» på grunn av det hôle tverrsnittet.

Eit eksempel på ein slik gamal rideveg er Fjellmannsvegen frå Setesdal sørover til Kristiansand.

Kjelder