Hovden golfklubb
Hovden golfklubb vart stifta 28. september 2000. Klubben har klubbhus ein 9-hols golfbane med kunstgrasgreenar på Ørnefjell i Bykle kommune. Reguleringsplanen for banen vart godkjent 26. april 2001 og 31. august 2002 vart banen opna for spel. Offisiell opning var 6. september 2003, då var banen godkjent av Norges golfforbund. 15. juni 2007 var kunstgrasgreenar på plass på alle ni hola. Banen på Ørnefjell var den fyrste i landet som fekk dette, det utvida sesongen med ein månad. Klubben har fått tippemidlar til å anlegge banen, som kosta 4,3 millionar kroner. Hovden golfklubb er gjeldfri.
Styre og medlemer
I alle åra har Tom Kvinlog vore styreleiar og Reidar Ove Mork vore nestleiar. Medlemmene legg ned stor dugnadsinnsats for å halde banen i god stand, mellom 1000 og 1200 timar årleg. På det meste har ein vore oppe i 230 medlemmer. I jubileumsåret ligg medlemstalet på 180, vel halvparten av desse er frå Bykle og Valle.
Kjelde
- Helene Horverak: 10 år med golf i høgfjellet. Artikkel i Setesdølen nr. 79, 2010, side 16