Hopp til innhald

Terje A. Fidjeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. juni 2024 kl. 09:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Terje Aanonson Fidjeland (fødd 1865, død 1. april 1914) var børsemakar og oppfinnar. Han var son av Aanen Fidjeland, som saman med foreldre og søsken hadde flytta frå Ånebjør i Bygland til Vestre Fidjeland i Iveland i 1861.

Terje kjøpte eigedomen Fosstveit på Birketveit i Iveland, tett ved elva Langsima. Her bygde han ein mekanisk verkstad. Kraftspørsmålet løyste han med å bygge ein stor stem i Kinnarfossen, rett ovafor verkstaden. Han lagde eit nytt armégevær, men tapte i konkurransen mot Krag og Jørgensen. Seinare arbeidde han med halv-automatvåpen.

Terje Fidjeland døydde brått i 1914, og ingen heldt fram med arbeidet hans. Verkstaden blei seld og flytta. Stemmen i Kinnarfossen og ruinane etter den mekaniske verkstaden står att på staden.

Kjelder

  • Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 542