Byvegen (Åseral)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. mai 2024 kl. 05:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstra kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle byvegen ved Vormeli 11. mai 2024.

Byvegen over Bygdeheia i Åseral til Austre Sveindal i Grindheim blei bygt i 1830-åra som køyreveg (kjerreveg), men forfall etter kvart til rideveg. Han var i bruk til 1879, og var hovudvegen mellom Åseral og Kristiansand.

Byvegen er merka som turløype.

Kor vegen går

Vegen går frå Kyrkjebygd opp Grokleiva. Han held fram forbi Hestespregen, går over Norkleiv bru og kjem ned til Vormeli ved Vormeliplasset. Han går oppover i heia igjen ved Sollimyr og Surtekleiva og forbi Siribekk. Vegen går nedover Tuptekleiva til Kittelstad. Han fortset sørover forbi Linjord og over Krokstean. Han går vidare over Vågåsheia og ned Vågåskleiva. Vegen kjem ned til Austre Sveindal med bru over Nordåne.


Kjelder

Kart