Bjarne Johansen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juni 2013 kl. 11:14 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bjarne Johansen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarne Johansen (fødd 9. juni 1933) var ordførar i Evje og Hornnes kommune frå 1990 til 1992. Han hadde vore varaordførar då Jostein Berget var ordførar, men etter valet i 1991 var det høgremannen Carl Martin Thorsen som overtok ordførarklubba.

Bjarne Johansen er fødd i Bagn i Valdres. Alt som 15-åring reiste han til Oslo og vart billettør i Oslo Sporveier. Men då han skulle i militærteneste, enda det med at han tok befalskule og vart offiser. Offisersutdanninga fekk han på Gimlemoen, og då var han på øving på Evjemoen for første gong. Ti år seinare kom han tilbake til Evje, og då etablerte han seg der. Han hadde med seg kone og to døtre, og familien kom til å trivast og engasjere seg i bygda. Seinare etablerte ei dotter seg i Kristiansand, medan dottera Irene Johansen er stortingsrepresentant for Østfold. Sjølv vart han med i Arbeidarpartiet og fekk verv i utval og nemnder i tillegg til plass i kommunestyre og formannskap. I perioden 2011 til 2015 er han leiar av Kontrollutvalet i Evje og Hornnes.

Kjelder