EVTEK

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
EVTEK er eit elektro- og VVS-firma med avdelingar på Evje og i Kristiansand. Selskapet er ei samanslåing av tidlegare Evje Elektroservice og ES Energy i Kristiansand frå 1. juli 2023. Avdelingsleiar elektro er Arild Gjeitrem. Avdelingsleiar VVS er Raymond Håbesland. Dagleg leiar er Terje Borch. Firmaet har 28 tilsette (2024). Omsetninga er rundt 58 millionar kroner i året.
Kjelder
- EVTEK, annonse i Setesdølen nr. 51, 2023, side 9
- EVTEK, annonse i Setesdølen nr. 65, 2023, side 27
- Sigurd Haugsgjerd, – Gøy å skape noko i heimbygda, artikkel om EVTEK i Setesdølen nr. 21, 2024, side 4