Ånund Lund

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2010 kl. 23:48 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ånund Lund (fødd 1938 i Valle) er ein pensjonert lærar som i 2010 gav ut musikkalbumet Blanda drops, som var hans første. Ånund Lund har vore med i fleire songgrupper, sist i «Fjoruven», men då denne gruppa vart oppløyst, heldt han fram med å syngje og spele aleine.

Ånund Lund var lærar ved Valle skule til han gjekk av i 2000. I mange år var han tillitsvald for lærarane som var organiserte i Norsk Lærarlag.