Kristihagen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. januar 2024 kl. 06:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristihagen var ein husmannsplass under bnr. 3 på Øvre Hegland i Bygland, i nærleiken av der Granheim Hotel seinare kom. Staden har namn etter Kristi Torjusdotter Pytten, enka etter Tellef Salveson Kvinen som døydde i 1868.

Kristi blei ein dag funnen under eit grantre, mest livlaus, stakken hennar var mest klaka. Ho blei tatt vare på, og tina opp. Om våren sette fleire frå Hegland opp ei lita stove for henne. Her budde ho med den vesle barneflokken sin.

Kristi levde i mange år etter dette. Truleg rundt 1900 flytta ho frå Kristihagen. Ho døydde av alderdom på Langeid i 1915, mest 88 år gamal.

Kjelder

Kart