Årdalen naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. januar 2024 kl. 09:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rjukanfossen ligg heilt sør i Årdalen naturreservat.

Årdalen naturreservat ligg i Årdalen i Bygland og Åmli kommunar. Naturreservatet blei oppretta ved kgl. res. 17. desember 1993. Føremålet er å ta vare på eit større samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep og med ein variert natur som samla er representativ for midtre delar av Aust-Agder. Reservatet dekker eit areal på 21,3 km2. 15,5 km2 er i Åmli og 5,8 km2 i Bygland. Høgda over havet er 450-800 meter.

Avgrensinga av reservatet følger i hovudsak nedslagsfeltet eller landskapshorisonten på begge sider av hovuddalføret som er Tovdal. I sør går grensa rett sør for Rjukanfossen i Åmli. I nord er grensa ved skogsbilvegane som går inn i området frå Åraksbø i Bygland.

Mot aust grensar reservatet mot Rukkevatn barskogreservat, og i nordaust mot Furebuheii myrreservat. Til saman utgjer desse tre reservata eit verna areal på 42,7 km2.

Kjelder

Kart

Laster kart ...