Soltønan

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. desember 2023 kl. 16:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåte)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Husmurane i Soltøna 15. februar 2020.

Soltønan var ein husmannsplass under garden Kallhovd, i skogen mellom Støylen og Uleberg i Dåsvannsdalen, i Hornnes.

Anders Nilsson Kallhovd og kona Kari rydda plassen og skal ha flytta til dagen før skjærtorsdag i 1879. Anders døydde i 1890. Kari døydde i Soltøna i 1927. Anders og Kari hadde fleire born, mellom dei dottera Ingeborg (f. 1878). Ingeborg hadde sonen Gunnar (f. 1898). Gunnar blei den siste som budde i Soltøna.

I dag er plassen attgrodd med granskog. Murane etter husa og rydningsrøysene rundt åkrane syner framleis.

Kjelder