Skjerka (Evje og Hornnes)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. desember 2023 kl. 08:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (KOrt om Otra)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjerka renn forbi Uleberg kraftverk på Uleberg i Dåsvandsdalen i Hornnes.

Skjerka er ei elv som kjem frå Gyvatn, som for det meste ligg i Bygland og Åseral. Ho renn forbi Vetrhusvatnet og gjennom Vassendvatnet, og sidan gjennom fleire mindre vatn som Romedalsvatn og Mykestølvatn. Ho renn utfor Hunsfossen aust for Uleberg, med eit samla fall på over 100 m. Gyvatn vart regulert første gong ved konsesjon i 1912. Vassføringa i Skjerka blei då kraftig redusert. Frå 2006 er Uleberg kraftverk bygd ut i elva, og vassføringa i Hunsfossen er blitt endå meir redusert. Skjerka renn ut i Dåsåna ved Samkom i Dåsvannsdalen i Hornnes. Skjerka høyrer såleis til Otravassdraget.

Kjelder

Eksterne lenker

Geir Daasvatn sine bilete frå Skjerka på Flickr

Kart

Laster kart ...