Tarald J. Harstad
| Tarald J. Harstad | ||
|---|---|---|
| Frå fotosamlinga til Alf Georg Kjetså | ||
| Født: | 13. november 1877 | |
| Død: | 6. januar 1954 (76 år) | |
Tarald J. Harstad (1877-1954) var lærar og ordførar (1917–1922) i Hylestad. Han vart tilsett i 1900 i Nomeland krins, då Bjørgulv D. Bjørnarå reiste til Amerika. Frå 1917 var Tarald lærar i Nomeland-Uppstad krins. I 1919 vart Kåvenes skule bygd. Han gjekk av med pensjon i 1941.
I 1916 etablerte Arbeiderpartiet seg i Hylestad og ved valet det året, som var fleirtalsval, fekk partiet alle 12 mann inn i kommunestyret. Tarald Harstad vart ordførar den perioden, og også neste periode, då det var loddtrekning mellom han og Gunnar T. Rysstad.
Kjelder
- Torjus Åkre: «Lærarar i Valle og Hylestad». Artikkel i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad 1983 side 117-118
- ibid. side 75
- Aust-Agder fylke, Valle, Ministerialbok nr. A 8 (1868-1882), Fødte og døpte 1878, side 61.
- DIS-Norge, Slekt og data; Gravminner
| Forgjenger: Gunnar T. Rysstad |
Ordførar i Hylestad (1917–1922)
|
Etterfølger: Gunnar T. Rysstad |