Dalstøyl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. desember 2023 kl. 08:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt historie frå krigen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalstøyl 15. juni 2018.

Dalstøyl er eit gardsbruk (gnr. 60 bnr. 17) på Uppstad i Valle. Bruket blei skild ut frå Oppigard Uppstad i 1906. Rundt 1910 var det geitemeieri her. Bjørgulv T. Harstad kjøpte garden i 1937. Han sette opp nye hus og braut opp ein god del jord. Muren under løa er mura av spesielt fint hogne steinar.

Under andre verdskrigen var Dalstøyl ei tid skjulestad for Jon Å. Haugeland og Gunnar Nordgaard, då dei måtte flykte frå tyskerane under opprullinga av Milorg på Sørlandet («Laudalorganisasjonen»). Bjørgulv Harstad sytte for det dei trong av mat og anna.

Kjelder

Kart