Hopp til innhald

Myrekvæven

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. desember 2023 kl. 14:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Myrekvæven er ein stad ved vestre enden av Mjåvatn noko nord for Hovden. Ei gamal bu her var tilhaldsstad for motstandsfolk under andre verdskrigen. Bua var reserveskjulestad i høve til dekningshytta Jøssingbu ved Auversvatn.

Mellom dei som var innom hytta i Myrekvæven var Finn Erikstad (nestkommanderande i XU på Sørlandet), Finn Høigaard, Birger Fjeldstad (Linge-fenrik), Rolf Ellingsen (avsnittssjef for Setesdalsavsnittet i Milorg), Viggo Axelssen (CHEESE-gruppa sin havnespion i Kristiansand) og Norman Gabrielsen (Linge-sersjant, telegrafist).

Kjelder