Gunnar D. Ose

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2023 kl. 22:41 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar D. Ose
Født: 23. oktober 1949 (76 år)

Gunnar D. Ose (fødd 23. oktober 1949) var den siste rektoren på Bygland skogskule, der han var lærar i mange år før han vart rektor. Då skulen vart nedlagt, fekk han arbeid som leiar av oppfølgingstenesta i Aust-Agder. Han gav slektsgardenOse over til sonen Dreng Ose då han flytte til Tvedestrand eit bel, men kom seinare attende til Ose. Gunnar D. Ose vart i 2021 vald til leiar for Setesdal Spelemannslag.

I ein periode var Gunnar D. Ose med i Bygland kommunestyre. Då var han og leiar av bygningsrådet, med i forhandlingsutvalet i kommunen og leiar i Bygland Bondelag.

Foreldra til Gunnar var spelemannen Dreng Ose og Turid B. Ose (fødd Heistad).

Kjelder