Rjukande (Besteland)
Rjukande er ein svær foss i Kvernåni, i Bestelandsjuvet, på Besteland i Valle. Etter Brokke Sør-utbygginga 2012–2014, med overføring av vatn frå Lisle Myklevatn til Brokke kraftverk, er vassføringa i elva og fossen sterkt redusert.