Søbø (Longerak)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. oktober 2023 kl. 10:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søndre del av Longerak med Øvre Søbø og Nedre Søbø på kvar si side av Riksveg 9 5. oktober 2023.

Søbø (Sørbø) var opphaveleg ein gard sør i bygda Longerak i Bygland kommune, som i 1680 vart dela i to bruk. Nedre Søbø (gnr. 54/8) ligg på nordvestsida der Riksveg 9 og vegen gjennom bygda møtest, og Øvre Søbø (gnr. 54/5 og tidlegare og 54/7, som ble frådela og fekk namnet Huset etter brukaren) oppe i lia søraust for riksvegen. Garden nemnast ikkje i Oluf Rygh si bok Norske Gaardnavne.

I Bolling sin bok om gardane i Bygland fortel han at Sørbø truleg vart rydda seinare enn Longerak og at Jørund Langerak åtte han i 1612. I 1624 nemnast gardsnamnet Søbø for fyrste gong då sonen Olav tok over drifta, og 56 år seinare vart garden delt i to. Jørund Olavsson dela i 1680 garden mellom to av sonene sine – Gunnar og Sveinung. Bolling fortel og at mennene på Søbø meinte gardane deira ikkje skulle takast med med då ei innmarksutskifting skulle fremjast i 1871-'72. Dei var ikkje ein del av Longerak. Innmarksutskiftinga fann likevel stad for Longerak og Søbø under eitt. Gardane har kvar sine støylar på Tveitå og i Lia, noko som vart stadfest av utskiftinga i 1905-10.

Litteratur