Jon K. Nordibø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. april 2013 kl. 19:51 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Jon K. Nordibø)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon K. Nordibø (fødd 20. april 1933) har vore ein sterk pådrivar for Bygland Gard og Ætt, bygdesogeverket for Bygland kommune. Han var leiar i Bygland sogenemnd i mange år og hadde det praktiske ansvaret med å få sogeskrivingsprosjektet i gang.

Han er fødd og oppvaksen i Jordalsbø. Far hans omkom i ei ulukke på heia då Jon var svært liten. Han arbeidde i Forsvaret, både i Oslo og i Luftforsvaret på Kjevik. Medan han var i Kristiansand, var han aktiv folkedansar og instruktør og hevda seg på kappleikar. Han var og pådrivar for å få etablert musikkgruppa Byglandsspelemennene og var sjølv med på hardingfele. Han har vore ein flink forteljar og brukt som 17. mai-talar.

Kjelde