Per Birkeland
Per Birkeland (født 1942) er daglig leder på Byglandsfjord Sag. På Setesdalskonferansen 2013 19. april 2013 fekk han Setesdalsprisen 2013. I grunngjevinga heiter det:
Årets vinnar er i eigen divisjon når det gjeld sysselsetting, lønsemd og verdiskaping i regionen. Vinnaren er ein ekte kremmar og ein tydeleg forretningsmann. Han har over tid bygd opp fleire verksemder som han er medeigar i og leiar av. Kåringa har samband med verksemda han har vore involvert i i Setesdal sidan ho var ny. Som disponent og hovudaksjonær har han trygga og utvikla verksemda gjennom krevjande tider og gjennom å utvikle fleire verksemder i landsdelen har han teke hand om fleire nivå og ledd i omsetningskjeda fram til forbrukar gjennom mellom anna annan verksemd som foredlar råvarene til nye produkt og som eige grossistledd til dei store varehandelskjedane.
Kjelde
- Setesdalsprisen til Per Birkeland. Artikkel i Setesdølen nr. 30, 2013 side 11