Tveitsund bru

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. august 2023 kl. 13:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveitsund bru 6. oktober 2017.

Tveitsund bru er ei steinkvelvbru på Rv-41 (Telemarksvegen) ved utlaupet av innsjøen Nisser i Treungen i Nissedal i Telemark. Brua blei bygd i 1918. Ho er 62,1 meter lang, og er landets nest lengste steinkvelvbru med eit spenn på 51 meter. Breidda er fem meter, og køyrebanen fire meter. Ho er for smal for to køyretøy til å møtast, så ho er lysregulert. Brua er eit stykke ingeniørkunst av høg klasse. Ho er freda (1999) for å vere eit synleg minne om utviklinga av kommunikasjon og vegbygging.

Kjelder

Kart

Laster kart ...