Støylehommneset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2023 kl. 22:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Støylehommneset med nokre av bygga etter campingplassen som var her.

Støylehommneset er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, om lag ein kilometer sør for Reiårsfossen, på Ose i Bygland. Før oppdemminga av Byglandsfjorden utgjorde neset den søndre delen av Osefita.

Historie

Ein gong før 1780 blei det rydda ein husmannsplass på Støylehommneset. I 1860-åra var det to husmannsplassar. Den siste plassen blei fråflytta ut på 1880-talet. Sidan har det ikkje budd folk fast i Støylehommen. Frå 1960 og til ut på 2000-talet dreiv eigarane av bnr. 4 på Ose campingplass her. Arnt Magnar Stokka frå Hommersåk i Rogaland kjøpte i 2020 arealet etter den nedlagte campingplasssen, og har starta ny drift under nytt namn Støylen camping.

Kjelder

Kart

Laster kart ...