Hallvard Eldhuset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2010 kl. 12:44 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (flyttet Halvard Eldhuset til Hallvard Eldhuset: orto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør i Bygland kommune. Han vaks opp på gard i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han saman med kona Birgit, fødd Åkre, heimegarden i Åraksbø, der tre gutar vaks opp.

Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen.

I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.

I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.

Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanheengar. Setesdalsforlaget planlegg å gje ut noko av dette i ei bok i 2010.