Konsesjonskraft IKS

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. juni 2023 kl. 13:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert mht. daglig leder)
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Konsesjonskraft IKS

Konsesjonskraft IKS er eit interkommunalt samarbeid mellom 20 kommunar og dei to fylkeskommunane på Agder. Samarbeidet starta i Aust-Agder i 1984 (Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder), og blei utvida med Vest-Agder i 2014. Selskapet sørger for at konsesjonskrafta som kraftprodusentane er forplikta til å levere til kommunane og fylkeskommunane, til ein fastsett pris (sjølvkost), blir omsett i marknaden og prissikra i samsvar med ein fastsett risikostrategi. Formålet er å sikre at nokre av verdiane som er skapte gjennom utnytting av lokale naturressursar, vasskraft, kjem tilbake til lokalsamfunna.[1] Hovudkontoret ligg i Valle. Dagleg leiar frå 1. september 2023 er Andreas Myhre. Han overtok stillinga etter Glenn Qvam Håkonsen.

Organisering

Representantskapet er øvste organet i selskapet, og deltakarane utøver sitt mynde i selskapet gjennom dette. Representantskapet har 24 faste representantar, to frå kvar fylkeskommune og ein frå kvar av dei deltakande kommunane.[2]

Selskapet vert leia av eit styre på sju medlemer. Medlemene er valde av representantskapet for den kommunale valperioden. Fire av medlemene blir valde etter framlegg frå deltakarkommunane, tre etter framlegg frå fylkeskommunane. Styret vel sjølv leiar og nestleiar.[3]

Selskapet har ein dagleg leiar som står for den daglege drifta.[4] Fram til februar 2016 var dette Arne Tronsen. Glenn Qvam Håkonsen overtok som dagleg leiar frå 1. mars 2016.[5] Glenn Qvam Håkonsen sa opp stillinga sommaren 2022. Lena Flateland var då konsituert dagleg leiar til 1. september 2023. Då overtok Andreas Myhre stillinga. Andre tilsette i staben (2017) er Arne Tronsen, Anne Liv Lidtveit og Sveinung Skjevrak.[6]

Eksterne lenker

Referansar

  1. Nettsida til Konsesjonskraft IKS
  2. Selskapsavtale Konsesjonskraft IKS, gjeldande frå 1. juli 2014, § 5
  3. Selskapsavtale Konsesjonskraft IKS, gjeldande frå 1. juli 2014, § 6
  4. Selskapsavtale Konsesjonskraft IKS, gjeldande frå 1. juli 2014, § 9
  5. Glenn Qvam Håkonsen ny leiar i Konsesjonskraft IKS, stykke i Setesdølen nr. 16, 2016, side 12
  6. 28 ville jobbe med krafthandel, stykke i Setesdølen nr. 5, 2017, side 2