Thortveitittgruva

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juni 2023 kl. 07:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Thortveitittgruva.

Thortveitittgruva er ei lita feltspat- og kvartsgruve i Knipane gruveområde i Iveland. Det er også funne mange thortveitittkrystallar i gruva, og opptil 38 andre slag mineralar. Gruva er såleis spesielt mineralrik.

Historie

Drifta i gruva byrja for fullt i 1936. Her fann ein feltspat av god kvalitet, som fylde krava til tannspat. Kvartsen som også var i gruva blei ikkje transportert bort før den kom veg fram til gruva i 1966. 19. mars 1971 tok eigaren, Bjarne Engestøl, ut den store thortveitittkrystallen som står i Iveland kommune si mineralsamling.

Kjelder

  • Oppslag/plakat ved gruveinngongen