Sundkjerrknuten

Foto: Geir Daasvatn
Sundkjerrknuten er eit lite fjell (494 moh.), ein ås, rett vest for Sundkjerrkilen i Storøygardsvatnet, på heia aust for Flatebygd i Evje. Det går ei merka turløype opp til toppen frå Einerkilen. Sundkjerrknuten var eitt av turmåla i Otra IL sitt turopplegg Ti toppers i 2023.