Knut B. Bjåen
Knut B. Bjåen (fødd 8. april 1933) bur på Bjåen. Han er fødd og oppvaksen der og var landpostbud i over 40 år. Han styrte og telegrafstasjon og dreiv hytteutleige ved sida av gardsdrifta. I tillegg passa han på målestasjonen for Meteorologisk Institutt og hadde ansvar for brøytinga av den kommunale vegen på Bjåen. Om vinteren sette han rypesnarer og fekk 25-30 ryper i snarene kvar dag. Desse leverte han hjå handelsmann Knut Vågslid på Edland. I 1958 opna han som turistvert på garden på Bjåen.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Har vore ute ein vinterdag før. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2013 side 8